Eg er tilbake på vestlandet. Det er over eit år sidan eg var her sist. Skam, skam...
Eg har tre veker ferie. TRE veker. Og det på eit tidspunkt då ingen andre har ferie. Har mao god tid til sløøøviiiing. DIGG. Gått i pysjen halve dagen i dag. Kjøpte grå tights-pysj på H&M før eg reiste. Den er SCHTØGGGGG (alle valkane mine på låra er synlege). Men den er enormt comfy. Også tok ein lang dusj. Så lang var den at eg brukte ein sånn stor kost og skrubba rygg, armar og lår fri for nuppar. Stemor har ein sånn butterdeig krem som luktar oliven. Men klabbefingrane mine mista heile boksen i dusjgolvet, så eg må hugse å kjøpe ein ny. For nesten alt datt ut.
Eg er altså på besøk hos pappa. Sjukt oppteken mann. Infosjef. Men i dag kom han heim midt i arbeidstida og fiksa heimekontor på kjøkkenet. Det var kos. Han skriev på PC'n og eg las aviser og sånn. Etterpå gjekk vi tur, han med mobilen så klart, men då eg spurte han korleis det gjekk, fekk han tømt seg. 63 år (snart) og alle er skikkeleg avhengige av han. Det er jo kult. Så var eg med han på revyøving med mannskoret. Dei er så søte og flinke. Eg fekk masse oppmerksomheit og vi åt kake og drakk kaffi for dei fekk eldsjelpris i Bergen i går. Eg fekk sett opningnummeret og det var fint. Så måtte eg hjelpe til med å finne rett tone på pianoet når dei skulle synge, og det klarte eg!!!
Ellers, 3 gangar 3 HURRA for Åshild-bestevenninde som fyller 26 år i dag. Hurra!
Ho har faktisk både mann og barn og hus og bil. WoW. Ei av dei få eg kjenner som har komt så langt i prosessen.
mandag, mars 26, 2007
Miss me?????
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

0 melding:
Legg inn en kommentar