mandag, november 06, 2006

Brønsj!

Det beste ein kan finne på å gjere ein grå og litt bakpå søndag er å lage brønsj. Inviter venner til eit kåltbord av ein fest. Det slår ikkje feil og det er forferdeleg kjekt å samlast dagen derpå i staden for å ligge på kvar sin sofa med angst og hovudpine. Kom saman og snakk saman. Oppsummer kvelden før.



Vi serverte bønner, egg, bacon og masse godt pålegg. God stemning.
Siri og Siril tek kanskje ei oppsummering etter gårsdagens spelejobb på Brukbar her. Siri var nemleg DJ og leverte mellom anna ny islandsmusikk, som vi snappa opp når vi var der på festival.



Ellers saknar eg Island no. Det var så godt å vere der igjen. Blir nok garantert å dra oppover igjen neste år.