Sit på *"rommet" mitt i Oslo heime hos mamma og Stig. Drikker kaffi og stappar i meg toffifee...mmmmmm. Var på hyggeleg fest i går. Kjekt å sjå folk som av ein eller annan merkeleg grunn syns det er betre å bu i Oslo enn Trondheim. Her er taxikøa milevis lang. Eg var aleine, men heldigvis ikkje så full at det var ubehageleg. Men eg hadde miniskjørt på og det var kalt. Stod i kø i ein time, og det kom berre éin taxi forbi. Eg kraup til korset og ringde mamma. Mamma henta meg kl 04:30 natt til søndag. Ho er heilt fantastisk. Og berre for å setje ord på det du garantert tenker no: Ja, er er KJEMPE bortskjemt. Berre spør søstra mi Andrea.
Uansett, i morgon reiser eg og Siri til Island. Og her sit eg med alle kler, teknisk utstyr og toalettsaker spreidd utover rommet. Eg klarar ikkje ta tak i det. Har sjølvasagt fått reisefeber.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

0 melding:
Legg inn en kommentar