Söndag, söndag, söndag. Söndagen paa Island er lik alle andre söndagar i alle andre land. Kven sende eg sms til i gaar, og ikkje minst, kva stod det i dei smsane eg skreiv. Lettare hjartebank i dag altsaa.
Eg sette Gonzojournalisikken i högsetet i gaar og drog paa fylla med opptakar. Rockensundergrunnsliv i Reykjavik. Ein ting eg er jævlig glad for er röykelova i Norge. Eg var jo imot den daa den kom sjölv om eg ikkje röykte fast sjölv. Blei for mykje storebror seg deg liksom. Men no, NO kan eg gi Höbraathen ein forsiktig klem. Det stinkar innröykt alkis av alle kleda mine, og klesvask er liksom ikkje det eg legg mest vekt paa her. Sjaa: Hurra meg rundt artikkelen. Gler meg uansett til aa redigere den saka.
Det förste eg gjorde i dag var aa dra aa bade i heitur pottur. Og som Elsemor ville ha sagt, det var Goooooooooo' stemning.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

0 melding:
Legg inn en kommentar