torsdag, september 21, 2006

og brått tok gleda slutt


Faen for eit surrehove eg er nokre gonger. Som dåke kan sjå på denne sida så er eg i ekstaste over at the sugarcubes skal spele konsert saman igjen. Det er jo berre det at vi reiser ikkje til Island i november, men OKTOBER. Ein "liten" detalj som eg velte å sjå litt vekk frå då eg dansa runst i P1 og P3 sine redaksjonslokaler ropte og smilte og lo. Helvete, helvete, helvete. 17. november spelar dei og eg reiser opp 16.oktober.

Eg har berre orka å seie ifrå til to sykker at eg tok feil. Håpar det berre kokar vekk i kålen.

Uansett eg føler meg litt sånn i dag: "Yea annow!"

MEN blir det først ein reunionkonsert, så har eg eit lite håp om at det ikkje er siste reunionkonsert. Dei var jo svære i England også, kanskje ein liten førjulskonsert i London hadde gjort seg Björk, Magga Stina..hallo?

Så, eg har jo bynt på trommekurs, skal vere der om ein times tid faktisk. Og for dei som vil vere med å starte tributeband til The sugarcubes eller sýkurmálarnir som dei heiter på Island, så er det berre å seie ifrå.