søndag, april 08, 2007

Endring!

Eg elskar Facebook og har blitt avhengig av internett. Tenker på det heile tida.

tirsdag, april 03, 2007

Vekas liste.

Værste TV-innslag:

RedasksjonEN prøvde å lage ein debatt om det her med hundedressur. Det var altså opptil fleire vaksne folk kring eit bord i glass som sat å krangla om korleis dei oppdrog hundane sine.

Det seier vel sitt.

onsdag, mars 28, 2007

facebook

Eg har vikla meg inn i facebook. Eg vil ikkje vere med der. Eg har ombestemt meg. Kva skal eg eigentleg med endå ei nettside med krets og mulegheiter for å chatte med folk. Det som er ok er at eg plutseleg har kontakt med folk eg gjekk på skule med i Sveits.

Ein anna ting eg har tenkt på i dag er kor eg har budd opp gjennom livet så langt:
1 år i Førde
3 1/2 år i Naustdal (trur eg)
12 år i Oslo/pluss at eg på ein måte budde på Leikanger (der pappa bur) alle dei åra eg budde i Oslo.
2 år i Sogndal
3 år i Sveits
1 år i England
til saman 6 mnd på Island.
3 1/2 år i Bergen
2 år i Trondheim

Dette tenkte eg på fordi eg var i Sogndal i dag. Eg køyrde forbi skulen min og der mamma hadde kontor.

mandag, mars 26, 2007

Miss me?????

Eg er tilbake på vestlandet. Det er over eit år sidan eg var her sist. Skam, skam...
Eg har tre veker ferie. TRE veker. Og det på eit tidspunkt då ingen andre har ferie. Har mao god tid til sløøøviiiing. DIGG. Gått i pysjen halve dagen i dag. Kjøpte grå tights-pysj på H&M før eg reiste. Den er SCHTØGGGGG (alle valkane mine på låra er synlege). Men den er enormt comfy. Også tok ein lang dusj. Så lang var den at eg brukte ein sånn stor kost og skrubba rygg, armar og lår fri for nuppar. Stemor har ein sånn butterdeig krem som luktar oliven. Men klabbefingrane mine mista heile boksen i dusjgolvet, så eg må hugse å kjøpe ein ny. For nesten alt datt ut.

Eg er altså på besøk hos pappa. Sjukt oppteken mann. Infosjef. Men i dag kom han heim midt i arbeidstida og fiksa heimekontor på kjøkkenet. Det var kos. Han skriev på PC'n og eg las aviser og sånn. Etterpå gjekk vi tur, han med mobilen så klart, men då eg spurte han korleis det gjekk, fekk han tømt seg. 63 år (snart) og alle er skikkeleg avhengige av han. Det er jo kult. Så var eg med han på revyøving med mannskoret. Dei er så søte og flinke. Eg fekk masse oppmerksomheit og vi åt kake og drakk kaffi for dei fekk eldsjelpris i Bergen i går. Eg fekk sett opningnummeret og det var fint. Så måtte eg hjelpe til med å finne rett tone på pianoet når dei skulle synge, og det klarte eg!!!

Ellers, 3 gangar 3 HURRA for Åshild-bestevenninde som fyller 26 år i dag. Hurra!
Ho har faktisk både mann og barn og hus og bil. WoW. Ei av dei få eg kjenner som har komt så langt i prosessen.

lørdag, desember 23, 2006

GLEDILEG JÓL!

Tidenes beste julegåvetips ser du under her! Eit hjort/reisndyr gevir. I kosebamsestoff så klart. Gjerne til å ha over senga, då startar dagen med eit smil. Hurra!!
God Jul til alle saman.

fredag, desember 08, 2006

Hektiske månader

Det har vert eit heilt enormt jobbtempo etter at eg kom tilbake frå Island. Livet mitt er jobben og jobben er livet mitt. Eg har hatt store behov for å blogge, men aldri hatt tid til deg. Og når eg hadde tid så var det så masse eg ville sei at ingenting kom ut og ned. Har no rydda litt i bildegalleriet mitt på mobilen. Det er alltid lettare å vise enn å skulle skrive/snakke heile tida:

GIGA TOBLERONEN
Eg ser JÆVLIG sliten ut her, og blei difor eksta lattermild då eg fann denna her enorme tobleronen på Kastrup flyplass i Køben. Eg og søstra mi hadde vert på dagstur til byen. Hehe.



APPELSIN
Min favorittbrus frå Island



SIRI PÅ ISLANDSK RADIO
Våre kollegar i vest:



NRK FEST I TRONDHEIM
Det var godt å kome heim til gode venner. Else, meg og Solveig før stor jobbfest på fint hotell med god middag og drikke:



TRONDHEIM SYMFONIORKESTER
Sammen med rikskonsertane var eg konfransier for ein heil haug med konsertar med tema filmmusikk. Dette bilde tok eg under siste forestilling. Då var eg sliten og letta. TSO er ein gjeng kule folk:



JUL

Det bli lite tid til julekos. Men litt går

lørdag, november 25, 2006

Kosekveld

Det er konsert med Thomas Dybdahl. That great october sound var lenge sånn nesten favoritt CD og eg høyrte masse på den. Eg har jo hatt tusenvis av sjansar til å sjå han før men det har berre ikkje blitt sånn. Men i kveld skal eg det då. I Olavshallen. Thomas har fått sånn flinkis/gæmlis-sjegg, men la gå, det er jo musikken eg er der for å høyre.

Det var liksom det eg hadde å rapportere. Det skjer fint lite sånn ellers. Har bestilt DVD på nett; Angels in America. Då får eg jaffal ein pakke i posten snart og det er jo ikkje så alt for ofte det skjer.

Det er andre ting eg kunne ha skrive også, men då blir det berre negativt og kjedeleg for deg å lese.